Språk:  Nynorsk
Originaltittel:
In vitro
Oversatt av:
Hanna Hårsaker Nakken
Utgivelsesår:
2023
ISBN:  978-82-303-6039-2
Sider:  212
Format:  20 x 14 cm
Pris:  269.00 Kr

 

BEGYNN Å LESE

In vitro

Isabel Zapata

 

Etterord av Sandra Lillebø

 

«Eg er akvariet no. Glasmaneta er du.»

 

In vitro er eit essay om ønsket om å bli mor. Boka handlar om det å skriva fram og utforska ein kropp som opnar seg og går opp i liminga for å gi rom til ein ny kropp. Det medisinske perspektivet og valden det fører med seg, vert også granska. Forfattaren utforskar togna, frykta, nålestikka og lukkespelet som fylgjer med det å bera fram ei dotter. I dette essayet prøver Zapata å finna svar på kva ein eigentleg ønskjer når ein lengtar etter å bera fram eit liv, føda eit barn og etterlata seg noko eige i det nye livet, som samstundes inneheld spor etter dei som kom før. For In vitro er òg ei utforsking av kvinneslekta, av kroppane som kom før oss og dei som prøver å lausriva seg frå oss. Kor startar ei dotter, ei mor? Kor endar dei? Endar dei?

«Isabel Zapata skriv med ein flyt som berre kan springa ut fråvisdom. Av og til kjennest det som om vi lyttar til ho tala meir enn vi les henne; det kjennest til og med som om vi kan svara ho tilbake.» 

Alejandro Zambra, chilensk forfattar

 

 

«In vitro står fram som en fragmentarisk bok i sin måte å fortelle på og poetisk i sin måte å uttrykke seg på, en svært intim søken som makter å gi gjenklang hos det lesende publikum. Hun beveger seg suverent mellom det tekniske og det konfesjonelle, men slutter aldri å lete etter forankringen som lar leseren delta i opplevelsen hennes.»

Javier Temprado, kolombiansk forfatter

Isabel Zapata 

 

(Mexico by, 1984) er forfattar, omsetjar og redaktør. Ho har skrive Ventanas adentro (poesi, Ediciones Urdimbre, 2002); Las noches son así (poesi, Broken English, 2018); Alberca vacía / Empty Pool (essays, Argonáutica/UANL, 2019, omsett av Robin Myers); og Una ballena es un país (poesi, Almadía, 2019). Det kritiske og kreative arbeidet hennar har mellom anna blitt publisert i Periódico de Poesía (UNAM), Letras Libres, Este País, The Common, Waxwing og World Literature Today. I 2016-2017 fekk ho som lyrikar eit stipend frå FONCA for Unge kunstnarar. I 2015 grunnla ho med fire venar forlaget Ediciones Antílope som gir ut skjønnlitteratur, sakprosa og poesi.